Oluf Rygh skriver i Norske Gaardsnavne: ”Eiđ n. Gaarden har Navn af, at den ligger paa det smale Eid mellem Malnesfjorden og Aasanfjorden, som forbinder den store Malneshalvø med Langøen. Her ligger nu sognets kirke.”

Finn Myrvang skriver i Bøfj. -84:

”Alt i Aslak Bolts jordebok ca. 1430 blir det nemnt innkomer «af Eidhe ligger widh Malnes», så ingen treng tvile på kva som var sentrum i fjerdingen på den tid! Hos Olav Engelbrektson ca. 1530 står det Eiide, mens det i 1567 skiftar med Eid, «Ed» og Eied: det siste skal neppe vere bunden form. Seinare er det jamnt Eide og Eidde fram til «Ejde» i 1723 - alltid i ubunden form - i 1614 står det også Eid. Skattemanntalet 1620 har «Edde» (og «paa Redde»!), leidangen 1638 derimot Eide (i motsetning til «Edde» i jordboka).

Eide er ubunden form dativ eintal (gno. *Eidi) liksom Nyke, Straume, Hole, Føre og Steine. Rise synest å tilhøyre den same gruppa og kanskje med rette, men her reknar ein tradisjonelt med ei opphavleg fleirtalsform *Risar, rettare: *Hrisar. - Eide og Rise kjem av inkjekjønnsord, dei andre er hankjønnsord. Det heiter Riselva og Rissjyen med tonelag 2, mens Eids-sjyen, Eids-pollen, Eids-skallen, Eids-haugan, Eids-lian osv., har tonelag 1. Så sjølv om det i talemålet no heiter (eit) eide med stum d - er det ingen tvil om at gardsnamnet kjem av gammalnorsk eid «(gang)veg over land mellom to vatn eller fjordar», (sjå Bøfjerding -83 s. 13). - Gjennom den noverande offisielle forma «Eidet» (postadresse) får såleis gardsnamnet eit mykje yngre preg enn det kjeldene gir grunn til.”

Arve Elvik

Eidet kirke.jpg