Finn Myrvang skriver i Bøfj. -84: ”Rise er eit velkjent norsk gardsnamn. Det kjem av gno. hrís n. ”småskog, kjerr, kvister” (…). Eide er ubunden form dativ eintal (gno. *Eidi) liksom Nyke, Straume, Hole, Føre og Steine. Rise synest å tilhøyre den same gruppa og kanskje med rette, men her reknar ein tradisjonelt med ei opphavleg fleirtalsform *Risar, rettare: *Hrisar. - Eide og Rise kjem av inkjekjønnsord, dei andre er hankjønnsord. Det heiter Riselva og Rissjyen med tonelag 2, mens Eids-sjyen, Eids-pollen, Eids-skallen, Eids-haugan, Eids-lian osv., har tonelag 1.”

Arve Elvik

Rise[1].jpg