Oluf Rygh skriver i Norske Gaardsnavne (1905): ”Uttales a’sstersét. (…) Kan være oldn. Astriðarsetr sms. med Kvindenavnet Astriðr, som ellers, saavidt det kan sees, ikke er blevet brugt til Dannelse af stedsnavn. (…). Gaarden er fremdeles Ødegaard og Underbrug under Rise.”
Finn Myrvang skriver: ”Asterset blir uttalt med tonelag 2 og med ein r som kan vere lite tydeleg. I 1567 står Asthesetter, mens det i tida 1610-1635 oftast står Astesett. Seinare vart der skote inn ein r, liksom for Bettestad i Hadsel, sporadisk også i Vottestad i Øksnes (kring 1648).
Formene lenger fram på 1600-talet liknar stort sett notidsforma; men typisk for avskrift-systemet i rekneskapsbøkene er at då den tungebrekkande forma Adtzersett først dukka opp, i 1661-leidangen, viste ho seg påfallande seigliva i år framover. I 1723 står det Adzersett (…) Like merkeleg er skriveforma Aderset, brukt fleire gonger i ministerialboka så seint som 1775 og ved skylddelinga av Langmoa året før. Også denne varianten vart visst gjengangar i offentlege dokument ei tid.
Kva skjuler seg så attom den noverande skrive- og uttalemåten? Jau, i 1612-leidangen står Arstinsett, året etter står det Aarstiensett i leidangen og Arsteensedt i skattemanntalet, mens det i 1614 står Astensett. Det er liten grunn til tvil, her er det mannsnamnet Arnstein som gir seg til kjenne, så vi kunne godt skrive Arnsteinset om vi ville. Jf Astafjorden, til Ánnstad av Arnastaðir”. (Bøfj. -82).
Arve Elvik
Gnr. 62 - Asterset
Navnet har vært skrevet Asthersetter i 1567, Astesett og Estresetter i 1610, Astensett 1614, Astriset i 1626, Aasetter i 1650, Adzerset 1723 (da øde), Addersæth i 1802, Aderset i 1807, Adersæt 1838.