Oluf Rygh skriver i Norske Gaardsnavne: ”Kaldes hau’en. Det kunde oprindelig være Oxabœli af oxi m. oxi, og bœli n., Opholdssted, Bolig, hvori oxi kunde være at opfatte som Perontilnavn. Forøvrig kan nuv. Oks- i Stedsnavn ogsaa være opstaaet paa andre Maader (…)”
Rolv Straume skriver: ”Frits Frydenlund har sett fram ein teori om opphavet til namnet Oksebøl, og hans meining er ikkje ueffen: ”Den første busetning i ytre Vesterålen var på øyene, såleis var også øyene i Øksnes bebygd, med Nærøy som kultstad. (Dei meiner Nærøy har namn etter guden Njord). Folket holdt en heil del husdyr, derav mange okser. Buskapen beitet på øyene om vinteren, men om våren blei de ført til Sommarland. Derfra streifa dyra til et vatn der det var mye oksesløkje, og derav navnet Oksebølvatnet. Det omliggende beiteland blei så kalla Oksebøl. - Den nedre del av Haugen blei først bebygd, den øvre del noe seinare.”
Finn Myrvang har skrevet om dette gårdsnavnet i Bøfj. -82:
”Oksebøl som gardsnamn er i sein historisk tid blitt avløyst av det langt meir kvardagslege Haugen (jamfør t.d. Haugen skole), men lever vidare i samansettinga Oksbølvatnet. Skrivemåten er nokså stø ned gjennom tida, aller oftast Oxebøll (såleis i jordbøkene frå 1630-åra), berre med avvik som Øxelbø i 1610 og Øxebøll 1613-1614. År 1649 er Oxebøll berre hamnegang, og i 1661 betaler lensmann Lars Reinholdtsen i Hovden grasleige for denne; men alt i 1667 er også ”Hofden med Marsholm” øyde, så det var litt av ein nedgangsbolk! Oksebøl sjølv er øyde endå i 1723, og det er derfor lett å forstå korleis namnet gjekk av bruk.
For å få betre forståing av namnet skal vi sitere kva Kristian Hald skriv i «Kulturhistorisk Leksikon for Nordisk Middelalder» om det same gardsnamnet i Danmark: ”En særstilling indtager muligvis de med dyrenavne sammensatte -bøl. Det flere steder forekommende Oksbøl med sideformen Oksenbøl forudsætter måske et gammelt appellativ [substantiv] *Ux(n)abøli ”oksestald”. I Oksbøl ved Varde fandt Gudmund Hatt i 1937 et jernalderhus fra ca. 500 med exceptionelt store staldrum, og selv om navnet næppe kan være så gammelt som fundet, kan man allerede på folkevandringstiden have drevet opdræt af okser her”.
Nåja, her i Bø var vel Oks(e)bøl helst berre eit vanleg oksebeite, jamfør Gåsbøl i Sortland, Fiskebøl i Hadsel - men også Skålebøl (Skallan) i Øksnes, og Bøle mellom Straumfjorden og Skorvågen: sjå Bøfjerding -81 s. 13-15.
I dag heiter altså sjølve matrikkelgarden Haugen – jamfør ”paa Houg” alt i leidangslista for 1634-1635 og ”Hougen ved Øxebøl” i 1839: Den såkalla Varden ved Haugelva rett overfor Ryet kan vere dette opphavlege Haugen. Oksbølvatnet ligg derimot bakfjells Ramnåsen, og i det området ligg også Melkarplassen.
Ei sak for seg er at heller ikkje Oks(e)bøl treng vere det opphavlege gardsnamnet, for like sør av Oksbølvatnet ligg Lilandshaugan og Lilands-myran. Så området nær den gamle kommunegrensen mot Verhalsan og Sommarland i Øksnes er arkeologisk interessant.”
Okse er brukt om handyret både av fe og rein – det kan her være gode grunner til å sette okse i sammenheng med tamreindrift i eldre tid.
Arve Elvik