Oluf Rygh skriver i Norske Gaardsnavne: ”Sidste Led er vel Skor f., i betydning af Skar. Der gaar her et Skar indover til Møklandsfjorden i Øksnes. Utskor synes saaledes at maatte forstaaes i Analogi med Utakleiv i Buksnes om en Gaard som ligger paa den ytre Side af Skaret.”

I Bøfj. 82 skriver Finn Myrvang: ”Utskor blir uttalt ”uttskårr” eller ein sjeldan gong ”usskårr”. Namnet er skrive ”Vdskar” ein gong i l567. ”Udschar” i 1612 (leidang- og skattemanntal) - dessutan også ”Uttschier” i 1612 og ”Uttschou”! i 1613, dertil ”Udschar” også i 1628 (skattemanntalet).

Men det er likevel tydeleg at uttalen må ha vore ein ganske annan, jamfør Wdschaar 1620 (skattemanntalet), Udschaar 1623 (mortensmess-skatten); likeins i 1630, 1646, 1661. I 1647 (skattematrikkelen) er det Vdschaar og Wdschaar. I 1610 står derimot Vdschor, så også i 1614, dertil Udschor (ved sida av Udschaar) i 1623.

Notidsuttalen -skårr viser at det ikkje er noko ord med lang å som ligg til grunn, men eit som vi kan samanlikne med t.d. ”spor” i Sporvika (”spårrvika”), Melbu.

Sisteleddet i Utskor må vere hokjønnsordet skor (skårr) i tydinga ”skard” el. l., som vi også har i gardsnamnct Skorvågen (Bøfjerding -83 s. 85): Sistnemnde er skrive med o i 1567, og så å seie alltid på 1600-talet, i over tjue kjende tilfelle: på 1700-talet blir aa for o meir gjengs.

Skora i lendet er tydeleg nok for Skorvågen sin del, men i Utskor synest det snarare å vere meint sjølve Utskordale: sjå Bøfjerding -81 s. 7 og 44, og Bøfjerding -83 s. 13. Eit markert trekk i Utskordalen er i alle tilfelle bekkefaret Grova (”gråva”).

Ein kan også oppfatte Utskor som ei jamføring med Jennskaret (Gjendskaret), sjå Bøfjerding, -81 s. 9. - I leidangen 1661 heiter det forresten ”Udschaar med Botten” (= Gjendskarbotn).”

Arve Elvik

Utskor[1].jpg