Skjema
- Søknad om oppdrag som støttekontakt
- Søknad om tjenester innen pleie og omsorg
- Søknadsskjema for støttekontaktordningen
Mange personar treng støttekontakt. Det kan vere på grunn av funksjonshemming, alder eller fordi dei har lite sosialt nettverk. Ein støttekontakt kan ta deg med ut på ulike arrangement eller besøkje deg heime. Støttekontakt er eit kommunalt tilbod.
Du kan søkje om å få støttekontakt dersom du treng hjelp til å få ei aktiv fritid eller komme ut av eit isolert tilvære. Støttekontakten får godtgjering frå kommunen. De møtast heime eller går på kafé, kino eller gjer andre aktivitetar saman. Det er dine interesser og behov som avgjer. Tenesta kan gjevast individuelt eller i gruppe.
Personar og familiar som har behov for støttekontakt på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problem
Kommunen vil i samarbeid med deg avgjere om du skal få støttekontakt eller eventuelt andre tenester. Det er ditt eller familien sitt behov som er avgjerande.
Tenesta er gratis. Du skal ikkje betale for utgiftene til støttekontakten.
Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå helse- og omsorgstenestelova § 3-2.
Du kan vende deg til kommunen for å få hjelp til å søkje om støttekontakt, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkomande ha fullmakt.
Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.
Du vil få beskjed om at kommunen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttala deg. Kommunen skal innhenta alle nødvendige opplysningar for å avgjera saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalda grunngivinga til kommunen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.
Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Let kommunen avgjerda bli ståande, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Tjenesten oppdatert: 07.01.2025 21:01