Skjema
- Søknad om oppdrag som støttekontakt
- Søknad om tjenester innen pleie og omsorg
- Søknadsskjema for støttekontaktordningen
Brukarstyrt personleg assistanse er eit tilbod om praktisk hjelp til personar med nedsett funksjonsevne. Det at ordninga er brukarstyrt, betyr at du som mottakar får større moglegheit til å styre tenestene og kvardagen sjølv.
Er du sterkt funksjonshemma eller har eit langvarig og stort behov for praktisk og personleg hjelp i dagleglivet, har du rett til brukarstyrt personleg assistanse (BPA).
Personleg assistanse omfattar praktisk bistand og opplæring og støttekontakt. Retten til avlastingstiltak gjeld for personar med foreldreansvar for heimebuande barn under 18 år med nedsett funksjonsevne.
Innanfor det timetalet du får tildelt, kan du i prinsippet styre kven du vil ha som hjelpar(ar) og kva assistentan(e) skal gjere. Målet er at du skal ha eit mest mogleg aktivt liv.
Dette er ei lovpålagd teneste etter helse- og omsorgstenestelova og pasient- og brukarrettslova. Sjå blant anna
Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven
Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.
Før saka kan bli avgjort, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærmare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast.Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Tjenesten oppdatert: 19.12.2024 09:52