Oluf Rygh skriver i Norske Gaardsnavne: ”Formen i A. B. (Aslak Bolt) maa der som ofte være en feil i Mellemstavelsen. Den rette Form er vel oldn. Grimustadir, hvori første led enten er kvinnenavnet Grima eller det ligelydende Elvenavn.”

I Bøfjerding -85 skriver Finn Myrvang: ”Grimstad uttalt ”gremmsta” med tonelag 2 kjem vel av mannsnamnet Grim, beint fram: Olav Engelbrektsons jordbok ca. 1530 og seinare kjelder har namnet i same enkle form som i dag, og skriveformene ”Grummestad” i 1611 og ”Grun(d)estad” 1612-1613 er knapt meir enn eit slag pynt frå skrivarane. - Namnet Grimstad hos oss er faktisk meir kva det gir seg ut for å vere enn bynamnet Grimstad, som blir uttalt ”grømmsta” med tonelag 1 og inneheld eit gardsnamn Grøm + hokjønnsordet ”stø”.

I Aslak Bolts jordbok ca. 1430 er det frå Malnes nemnt landskyld ”af Grimastadom i gøpe skin vid manesholman” (sjå Hofdasegl 1973 s. 223, og Bøfjerding -84 sist på s. 95). Vi kan oppfatte det på to måtar: a) Av Grimstad i *Gaupeskinn som ligg ved Ma(l)nesholman. b) Av Grimstad 1 gaupeskinn som ligg ved Ma(l)nesholman.

Det siste passar best med oppstillingsmåten elles i denne jordboka: Av Grimstad skulle det då vere svara (verdien av) 1 gaupeskinn på den tid – helst gaupe = revgaupe, ho-rev (”gaupe” i den meining var kjent i Bø så vel som på Senja).”

Arve Elvik

Grimstad2_16_1.jpg