Oluf Rygh skriver i Norske Gaardsnavne: ”Oldn. Knjukr m., brat, rundaktig Fjeld (Indl. s. 61). jfr. Borge gnr. 6 og Øksnes gnr. 70. Gaarden har øiensynlig sit Navn af et ca. 100 m. hølt isoleret og rundaktig Fjeld, som paa Kartet kaldes Gaardsnyken (ogsaa seet skrevet Gaasnyken), vel til adskillelse fra Fuglenyken, Maasnyken og Engenyken, som er navn paa Øer i Nærheden. - Samme Stamme har man i Nykvaag og i Nyksund i Øksnes.

Nyken findes ogsaa ofte i Fjeldnavn især i Romsdals Amt og i navn paa smaa Øer, saaledes i Ellevsnyken, Trenyken (med tre topper i rad) og Hernyken, tilsammen kaldet Nykerne, udenfor Røst.”

I Bøfj. -83 skriver Finn Myrvang at ”Nyke og Nykvågen har namn av Nykan, det vil seie Gårdsnyken, Fuglnyken, Måsnyken, Engnyken (Grasnyken?), og Spjøten med den låge Teisten. Nykvågen kan ein forstå som «vågen innom Nykan» eller «vågen som kjem Nyke til» (sjå Bøfjerding -80 s. 90).

Det er norrønt *hnjúkr = knjúkr ”nut” o.l., som ligg til grunn for dei to gardsnamna: jamfør hnúka ”krøke seg saman” - likeins dette at somme bøfjerdingar enno seier ”hniv” i staden for «kniv»!

I 1567 heiter det både Niuc og NiuckelINiuucke - og Niuckuog/Niuckeuog tilsvarande - mens Olav Engelbrektssons jordebok ein mannsalder tidlegare byr på så greistava norske former som Niuke og Niukevaag. Ei endå eldre kjelde er Aslak Bolts jordebok frå ca. 1430 - med Nykæ, men ”af Nywkæwaagha” - det siste må vi vel lese *Njukevåga.

På 1600-talet går derimot alle skriftformer ut på Nych-/Nyck- eller fordanska ”Nyg-/Nygg-”, slik at vi må tru uttalen med y var den einaste på den tid. Men på lektor Melchior Ramus kartskisser frå 1689 – truleg kom han ikkje Bø nærmare enn til Øksnes prestegard – finn vi likevel Niuk (attåt eit mystisk ”Niukholm” og eit overstroke ”Niuksund”), mens han for Øksnes derimot skriv Nyksund plent som i dag. Bømålet må visst heile tida ha hatt eit lydleg ”etterslep” i utviklinga samanlikna med Øksnesmålet i denne detaljen, ettersom det framleis heiter Nyk(e) og Nykvågen (ofte kort y) her i Bø, men Nøkksundet der nord.

Når du kjem utanfor nærområdet til dei to siste namna fell gjerne artikkelen bort, i samsvar med offisiell skrivemåte. - Nyke er forresten skrive Nøcke i skattemanntalet for 1613 og 1620: Det kjem vel berre av at skrivaren har tatt mønster frå øksnesmål?”

Arve Elvik