Dette er nok basert på forelda teorier, i Bøfj. -82 skriver Finn Myrvang:

”Gustad blir skrive som no både i 1567 og seinare, berre med litt pynt av og til (Gud- og -stadt). Det fanst eingong eit Gu(g)stad under Enga i Skjerstad; gardsnamn med notidsform Gustad finst også tre stader i Trøndelag. Den litt avstikkande skrivemåten Gunstad i skattemanntalet frå 1617 er neppe å lite på, som einaste form: andre stadnamn med føreleddet Gunnar- blir iallfall ikkje nedslitne til uttalen Gu- hos oss. Gustad blir uttalt «gussjta» (palatal ss), plent som ord som «bust», «knust» o.a.

No er Gustad namnspurd for dei farlege kastevindane: Når han kjem av nordvest, slår han i fjella på sørsida og blir pressa saman før han snur og kjem brytande mot gården, med ”kvitrokk” på fjorden. Verknaden kan vere svært avgrensa, med langt mindre rokk både uta- og innafor. Han kan og komme som utsynning frå sør-sørvest – slå i Kjerringstranda og ta seg på tak med fleire vindkuler og sjøpumper før han smell til mot Gustad. Men den som har tatt flest hus fram gjennom tida er Øylendingen, som gjerne kjem som fallvind om Gustadkleiva.

Kvitrokket og sjøselta gjer det naturleg å nemne gammalnorsk gustr ”gov, røyk, eim”, til verbet gj6sa velte, sprute eller ”bryde frem med Voldsomhed, især om hvad der strømmer ud fra et mindre Rum og udbreder sig videre» (Fritzner): Jamfør også fallvind ned Kvalvikskaret! I dag minnest berre uttrykk som ”der va’kje gust”, ”eg trur det e vindgust over Hellnesan”, ”di kjent gust’en”. - Vansken ved ei slik forklaring på gardsnamnet synest bli at ho skil denne garden ut frå andre med same namn som vel neppe alle er like utsette for vind og ver.”

I Bøfj. -98 tolker Myrvang navnet på Gaukværøya ut fra samisk språkbakgrunn, ei tolking som også kan ha interesse for gårdsnavnet Gustad:

”Ei anna tyding som kan fortone seg like truverdig, er at Gauk- må vere misforstått fornorsking og modernisering av eit eldgammalt ord svarande til (sørleg) sørsamisk geavtje = geavtse ”låg fiellkam mellom to fiell (slett oppå, bratt på sida”. Det kan lett ha blitt oppfatta som Gaukje av norsktalande. Terrengordet stemmer iallfall forbløffande for Lågfiellet mellom Skjerdingstadtinden og Naklingtinden!”

Ordet geavtse = geavtje kan like godt utvikle seg til fostavinga Gaus- og videre til Gus- som til Gauk-. Ser man fjellryggen ovenfor Gustad fra havet eller fra andre sida av Åsandfjorden, har den de samme kjennemerker som fjellryggen mellom tindene på Gaukværøya. Jamfør også fjellformasjonen i Gauklia i Nykdalen. Dersom navnet opprinnelig er et naturnavn, kan dette være ei like rimelig tolkning som andre forsøk. (Se foto i Bøfj. -84, s. 41 og -98, s. 12.)

Arve Elvik