Oluf Rygh skriver i Norske Gaardsnavne: ”Sandsynligvis Skálabrekka, af skáli m., Stue, Vaaningshus, ofte brugt om Hus til midlertidig Brug langt fra Gaarden, nu ogsaa brugt om Skur (Indl. s. 74). Sidste Led er Brekka f. bakke.”

”Var Skålbrekka underbruk med utløe, kan det vere eit spørsmål om det var under Husvåg eller Rise”, spør Rolv Straume. I Bøfj. -82 skriver Finn Myrvang:

”Skålbrekka er nemnd alt i Aslak Bolts jordebok ca. 1430, på mellomnorsk: «af skala brekko». Første leddet er gammalnorsk (einn) skáli, som kunne vere eit vanleg innehus på ein gard, ei stue (eldhus, sovehus), men også eit lettgjort hus (skur, bu) til mellombels opphald, t.d. fiski-skáli «fiskarbu». Ved Husvågen ligg som nemnt Skålbrekksjøen, og Skålbrekka var kanskje ein opphavleg del av garden Rise; men korfor skulle fiskarbuer bli lagde så langt frå lendinga akkurat i dette tilfellet? Heller var det vel skålar som hadde med landbruk av eitkvart slag å gjere. Skålbrekka er i alle tilfelle same slags namn som Skålebø(l) = Skallan i Øksnes, og som Skåltofta på «fastlandet» ved Nyksund (der det er funne ei uvanleg lang hustuft), gammalnorsk skålatopt: tuft til (el. etter) ein skåle.

Det er ganske lærerikt å sjå kva dei i dansketida kunne greie å få ut av eit så endebeint namn: Scholbrechen 1610 og 1613 er greitt nok, likeins Skolbreche 1614. Verre er «Scholbrach» 1611, for ikkje å gløyme «Schalbrach», 1612 og «Skallbreche» og «Schallbrecke» 1622. Seinare tullar galskapen berre på seg, med Sieldbrechen» 1630, «Skorbrech» 1638, «Skolbrett»! 1639 og «Schorebrech» 1646. I den skjelsettande skattematrikkelen frå 1647 står både Scholbrechen og «Scholbrech» (det siste i 1611 og), så no veit vi kor det merkelege, kommunale «Skålbrekk» kjem ifrå! Men i 1661 og 1723 har skrivarane hanka inn, til Schaalbrechen berre. Litt morosamt er at i skattemanntalet 1614 vart Scholbrechen frå året før til «Scholbrenchen»: I notidsspråket svarar nemleg dansk brink til gammal- og nynorsk brekka «stor bakke» (i svensk finst begge formene).

Arve Elvik

Skålbrekka[1].jpg