Oluf Rygh skriver i Norske Gaardsnavne: ”Efter Formen af 1567 synes det at være *Sjóberg, Berget ved Søen, sms. med sjór m. Sjø. Ellers maatte det efter Formen ogsaa kunne være *Suðrberg, det sydlige Berg. Det maa sigte til et Fjeld nær Gaarden. Søberg findes ogsaa i Melhus, hvor det har en anden oprindelse.”
Finn Myrvang skriver i Bøfj. -83, med seinere tillegg:

”Søberg er utan tvil eit opphavleg namn på Søbergsfjellet. Gardsnamnet er skrive Sioberg i 1567, og tyder altså *Sjøberg i fall denne eine forma er å lite på. Men korfor er så ikkje namnet blitt til sjy- seinare, som alltid elles i Bø?

Reint sakleg står notidsforma Sø- like gjerne for eldre Sud-, ei svært naturleg tolking når vi samanliknar det frittliggande Søbergsfjellet med Skårvågfjellet og Straumberget norda- og austafor. Men med tanke på lokale vertilhøve kan vi ikkje heilt sjå bort frå rossene (kastevindane), rokkesøene, frå Søbergsfjellet i nordastorm (jfr. soda f., r i Ross’ Norsk Ordbok).
”I Eid i Romsdal finst gardsnamnet Søberg med tonelag 2, ”formodentlig et nyere Navn, som kan betyde ”Søndre Berg””, mens garden Sørlia i Bindal i Nordland heiter Søbergslia (søbærs-) til kvardags: ”Daglignavnet (...) betegner vel her: ”som ligger søndenfor et Berg.””

Arve Elvik
 

Hamn.jpg

Soeberg_86_1.jpg

Straumsjoeen2_82_1.jpg