Oluf Rygh skriver i Norske Gaardnavne: ”Formen Leckonne i 1614, hvilket Skatteregister ofte viser Tegn til Benyttelse af gamle Jordebøger, godtgjør imidlertid udentvivl, at Øen opr. Har havt et usammensatt Navn; thi Leckonne kan ikke være andet end Lekunni, best. Dativ af Leka f. Det er altsaa samme Navn, som bæres af den bekjendte store Ø i Namdalen. Dette antager Sophus Bugge for samme Ord som Leka f, Vandrende, jfr. Leka, dryppe, lække.”

I Bøfj. -81 stiller Finn Myrvang seg tvilende til Ryghs tolkinga på grunnlag av dativforma av leka: ”- det er visst like rimeleg å lese –onne som –ønne, som då kan vere norrønt -eynne, -eynni (dativ av ey, øy). (-) Ser vi på dei langsmale og grunne Valan innom Lokøya, kan vi godt sette dei gamle skriftformene saman med leka f, ”vassrenne” o.l . Notidsuttalen minner meir om Lokøya i Fjell i Hordaland og om Låkøn i Valborgs lan i Verige: Begge desse namna har også vore sett saman med loka i tydinga ”en Fiskekiste af Form som en fladbundet Baad”.

Men i Bøfj.-88 kommer Myrvang tilbake til navnet, i en artikkel om samiske stadnamn i Bø:

”… luokka vil seie ”li, fjellside, bakke”. Lokkøya er derfor eit gåtefullt namn, av di dei eldste skriveformene har både ø, y, æ, men især e: I 1610 kan vi såmenn finne både «Rechøenn»!, Løchøen og Lochøen, mot Lø(e)g- 1617 og Lyck- 1620! Forma Loch- 1610 (så også 1646 og 1667) viser at vår tids uttale var kjend alt då. Men dei to eldste formene er Lækøy ca. 1430 og Leckoenn 1567, og størstedelen av 1600-talet er -e- framleis å sjå, sjølv om -ø- dominerer då.

Variasjonsrikdommen skriv seg (bokstavlig talt) især frå embetsmenn som ganske enkelt stava namna slik dei såg forgjengarane hadde gjort, i protokollar og dokument. Men her kan også ha vore ein gammal tvilyd, med uttalevariantar som likna t.d. Lauv - Låv - Løv - Lev - andre stader i Nordland.

Men luokka «li, fjellside, bakke» er ein tolkingsmåte som har svært mykje for seg: Lokkøya = «Bakkeøya», ganske enkelt.” Vi kan lett slutte oss til at dette er et logisk grunnlag for navnet på gården, sjøl Lokkøya er et av de gårdsnavna der ingenting skal slås fast med altfor stor sikkerhet.

Arve Elvik
 

Lokkøy[1].jpg