I Norske Gaardsnavne skriver Oluf Rygh: ”Neset. Kaldes væ’re. Daglignavnet er Ordet ver n., Fiskevær.”

I Bøfjerding -83 skriver Finn Myrvang: ”Værøya har avgjort namn av vær (rorvær, fiskevær), norrønt ver. Skrivemåten ”i Wæderøynne” hos Aslak Bolt er det grunn til å ta med skepsis: Denne peikar snarare mot dyret ver (sau-bukk), norrønt veðr m.: men dette ordet har stadig trong e i bømål, liksom namnet Verholmen og Verholmleia (nær Litløya).”

”Neset som anna namn på Været var ikkje i bruk i seinare tider det folket minnest, i alle fall ikkje i daglegtalen i Bø. Men at namnet skriv seg frå det lange neset der Været låg, er heva over tvil, med mindre det frå førstan tid var tale om Værsleitangen.” (F. M. i Bøfj. -98.) Samme sted, s. 71:

”Været hos oss går jamt under namnet Ness, Neess, Neset, Næsett, Næssit, Nesed på 1500- og 1600-talet, mens øya heiter Werøe, Werøn, Werøen (n) – Wærøn med æ 1667 er nærmast eit unnatak - og på same måten er det med Røstværøya: Der skriv forresten Schønnebøl skiftesvis Røst-Verøen og Røst-Verrøen, eit klart vink om kva dei faktisk sa, samanlikn vår tids uttale av Været og Værøya med kort æ, i Lofoten som i Vesterålen.

Orda ver (saubukk) og (u)ver har derimot begge lang, trong e hos oss. Så det er i lettvintaste laget å utlegge både Røstværøya og Bøværøya = Gaukværøy «som den for Veiret udsatte» (Norske Gaardnavne 16: 351).”

På gårsdvaldet til Været ligger et område som i dag kalles Væte, en gammel husmannsplass under gården. Navnet på husmannsplassen blei skrevet i Wetten i 1618, i Wette 1623 og fram til 1633, husmannen blir kalt Edis i Wætte i 1624. I 1635 møter vi forma Wettøe og i 1647 Wedde.

Arve Elvik